Bilde av Nasjonalbibliotekets fasade

Forskarplassar

Nasjonalbiblioteket tilbyr forskarplassar i Henrik Ibsens gate 110.

Her får du tilgang til ei unik samling i eit inspirerande forskarmiljø.

Plassar vert tildelte til:

  • Brukarar som i lengre periodar arbeider vitskapleg med Nasjonalbibliotekets materiale.
  • Brukarar som har skriveoppdrag for forlag/utgjevarar, eller som på andre måtar arbeider profesjonelt med bibliotekmaterialet.

Fristen for å søkje forskarplass er 15. november for vårsemesteret og 15. mai for haustsemesteret. Du får svar innan tre veker etter at søknadsfristen har gått ut.

Du vert tildelt plass for 6 månader, og må deretter søkje på nytt. Det er mogleg å fornye for inntil to år.

Vi tilbyr eit bokskap til din disposisjon. Vi har 24 plassar som er fordelte på to separate lesesalar. I tillegg har vi fire kontor som vert delte ut etter spesiell grunngjeving. Om det er fullt på forskarsalane, er det mogleg å nytte reserverte plassar på den store lesesalen.

Plassen er tilgjengeleg for bruk i bibliotekets opningstider.

Ein må signere på ei avtale om bruk ved utlevering av forskarkort. Forskarkortet gir tilgang til lesesalane, og skal innleverast ved opphøyr av plassen.

Last ned søknadsskjema her, eller hent det i informasjonsskranken i første etasje.

Velkomen som søkjar!

Send oss ein e-post viss det er noko du lurer på.