Språkbanken

Nasjonal infrastruktur for språkteknologi

Vi tilbyr digitale språkressursar til forsking og språkteknologisk utvikling. Språkbanken utviklar tenester som kan nyttast av alle, og alt ligg fritt tilgjengeleg på nett.

Om Språkbanken

Tenestene våre rettar seg mot språkforskarar, språkstudentar og verksemder som utviklar språkteknologiske produkt. Språkbanken vart oppretta som eit språkpolitisk tiltak i 2010. Vi skal bidra til at det blir utvikla språkteknologiske produkt for norsk språk, og såleis hindre tap av bruksområde for norsk språk, jf. St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Oppdraget vårt er å samle inn, utvikle, leggje til rette og gjere tilgjengeleg språkressursar og språkverktøy.

CLARINO

Nasjonalbiblioteket har sidan 2011 delteke i CLARINO, eit forskingsprosjekt om infrastruktur. CLARINO er finansiert av Forskingsrådet og er eit samarbeid mellom norske universitet og forskingsinstitusjonar.

Målet med CLARINO er å realisere den norske delen av det større europeiske CLARIN-prosjektet. Det endelege målet er å gjere eksisterande og framtidige språkressursar lett tilgjengelege for forskarar og å etablere e-vitskap innanfor dei humanistiske fagområda. Døme på slike ressursar er store samlingar av tekst, samlingar av innsamla talespråk, digitale ordbøker og databasar av ulik art innanfor språkvitskap og andre fagfelt.

CLARIN handlar om bevaring, gjenbruk, tilgjengeleggjering og deling av forskingsdata innanfor humaniora. Ideen er at forskarar ved europeiske forskingsinstitusjonar enklast mogleg skal få tilgang til forskingsressursar i sitt eige land og andre europeiske land via eit felles søkjesystem.

Den primære oppgåva til Nasjonalbiblioteket i CLARINO er å fungere som nasjonal koordinator for hausting og utveksling av metadata mellom dei norske CLARINO-institusjonane og resten av CLARIN-nettverket ute i Europa. Nasjonalbiblioteket utviklar og distribuerer òg forskingsdata til CLARINO gjennom dei digitale tenestene som blir utvikla av Språkbanken.

Lenkjer

Følg Nasjonalbiblioteket i sosiale medier!