Digitalisering

Kva blir digitalisert?

Nasjonalbiblioteket digitaliserer systematisk heile samlinga si. Pliktavleveringslova sikrar at alt som blir publisert i ulike typar medium, blir avlevert til Nasjonalbiblioteket. I tillegg blir samlinga utvida gjennom kjøp og gåver. Den digitale samlinga inneheld materiale frå mellomalderen og fram til i dag. Materialet blir digitalisert for oppbevaring, og delar av det blir gjort tilgjengeleg.

Digital avlevering

Parallelt med digitaliseringa av analogt materiale arbeider Nasjonalbiblioteket for å auke den digitale pliktavleveringa. Nasjonalbiblioteket ønskjer å få avlevert det digitale utgangspunktet for utgivinga. På den måten blir samlinga utvida med digitalt innhald.

Digitaliseringsprogrammet starta i 2006, og vi reknar med at det vil ta 20–30 år før heile samlinga er digital.

Kvifor digitalisere?

Digitaliseringsprogrammet til Nasjonalbiblioteket har to føremål: bevaring og formidling.

Bevaring

Samlinga er ein viktig del av vårt kollektive minne som nasjon. Å digitalisere samlinga er med på å sikre henne for komande generasjonar. Tryggleik, skalerbare løysingar og tilstrekkeleg kapasitet for migrering og konvertering av digitalt innhald er viktige element i det digitale bevaringsarbeidet.
Nasjonalbiblioteket tilbyr òg bevaring av digitalt innhald frå andre kulturinstitusjonar i Noreg.

Formidling

Materiale som ikkje er verna av opphavsretten, blir gjort tilgjengeleg for alle på internett. Der vi har avtaler med opphavsrettsorganisasjonar, får brukarar med norske IP-adresser også tilgang til materiale som er verna av opphavsretten. Heile den digitale samlinga, inkludert materiale som er verna av opphavsretten, er tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon i lokala til Nasjonalbiblioteket.

Følg Nasjonalbiblioteket i sosiale medier!