Avtalar og samarbeid

Nasjonalbiblioteket har samarbeidspartnarar innanfor ulike område og prosjekt.

Kopinor

Bokhylla-avtalen er eit samarbeidsprosjekt om nettilgang til norskpublisert litteratur som er formalisert i ei avtale mellom Nasjonalbiblioteket og norske rettshavarar, representert av Kopinor.

Tenesta kjem til å innehalde om lag 250 000 bøker når ho er komplett i 2017. Bøker frå heile 1900-talet fram til og med 2000 blir då tilgjengelege for alle med norsk IP-adresse. Brukarane har høve til å laste ned bøker som ikkje er opphavsrettsleg verna.

Sjå avtala mellom Kopinor og Nasjonalbiblioteket (PDF: Avtale om bokhylla 2012)

NRK

Nasjonalbiblioteket har sidan 2000 hatt eit strategisk samarbeid med NRK om å digitalisere NRK-arkiva. Avtala omfattar også etablering og drift av eit arkiv for digital langtidsbevaring i det digitale sikringsmagasinet hjå Nasjonalbiblioteket og fortløpande bruk hjå NRK.

28. februar 2013 signerte NRK og Nasjonalbiblioteket ei avtale som gir Nasjonalbiblioteket rett til å publisere radioinnhald der NRK eig alle opphavs-, utøvar- og produsentrettane. Programma skal berre gjerast tilgjengelege ved hjelp av strøyming. Nasjonalbiblioteket arbeider no med å finne ei teknisk løysing for publiseringa.

Sjå avtala mellom NRK og Nasjonalbiblioteket (PDF: Avtale med NRK om radioformidling 2013)

Aviser

Nasjonalbiblioteket har inngått avtaler med ei rekkje aviser om å digitalisere historiske avissamlingar og gjere dei tilgjengelege for allmenta. Det er gjort avtaler både med landsdekkjande, regionale og lokale aviser. Nasjonalbiblioteket er i kontinuerleg dialog med fleire andre aviser. Dette materialet blir gjort tilgjengeleg i norske bibliotek.

Sjå avtala mellom Aftenposten og Nasjonalbiblioteket (PDF: Avtale med Aftenposten)

Forfattar- og kunstnarjubileum

Nasjonalbiblioteket har eit særleg ansvar for å leggje til rette for markeringar av forfattarar, komponistar, fotografar, filmskaparar og andre opphavspersonar ved sekelskifte for fødselsår.

 Det viktigaste vi gjer i slike høve er å kartleggje, skaffe, digitalisere og/eller lage bibliografiar over materialet til opphavspersonen, både publisert og tidlegare upublisert materiale. Med dette gjer vi kunstnarskapet tilgjengeleg for forsking og for allmenta.

Nasjonalbiblioteket vil også vurdere å lage eigne fagseminar, publikumsarrangement, publikasjonar og utstillingar i samband med kvart enkelt jubileum.

Gjennom prosjektmidlar for arenautvikling, som bibliotek i heile landet kan søkje på, kan Nasjonalbiblioteket bidra til å stø opp om jubileumsarrangement i biblioteka.

Nasjonal fotobevaring

Nasjonalbiblioteket samarbeider her med tre instansar med nasjonalt fotobevaringsansvar: Riksarkivet, Norsk kulturråd og Preus museum.

Internasjonalt samarbeid

Europeana

Nasjonalbiblioteket deltek i Europeana, som er eit felleseuropeisk digitalt bibliotek organisert av European Library. Det europeiske digitale biblioteket synleggjer den europeiske kulturarven gjennom fleire millionar digitale objekt på nettet.

Daguerreobase

Nasjonalbiblioteket deltek i det europeiske prosjektet Daguerreobase saman med Universitetsbiblioteket i Bergen og 16 andre partnarar frå heile Europa. Målet med prosjektet har vore å etablere ein biletdatabase med over 25 000 daguerreotypiar. Opplysningar og biletfiler frå denne basen blir også formidla via Europeana. Daguerreobase-prosjektet starta i 2012, og etableringsfasen blei avslutta i 2015. Prosjektet har vore delfinansiert av ICT Policy Support Programme (ICT PSP), som er ein del av stimuleringsprogrammet for konkurranse og innovasjon i EU.

EFG

European Film Gateway er ein nettportal som gir tilgang til digitalisert filmmateriale. Portalen er eit samarbeid mellom filmarkiv, bibliotek og cinematek i heile Europa. Nasjonalbiblioteket har ansvar for EFG i Noreg.

Beacon

Den internasjonale sensurdatabasen Beacon for Freedom of Expression inneheld om lag 50 000 referansar til sensurerte bøker, aviser, nettsider, TV- og radiosendingar, pluss litteratur om sensur og ytringsfridom. Nasjonalbiblioteket forvaltar Beacon for Freedom of Expression saman med eit internasjonalt styre.

Følg Nasjonalbiblioteket i sosiale medier!