PRIVATARKIV

Nasjonalbiblioteket forvaltar Noregs største samling av arkiv etter forfattarar, kunstnarar, forskarar og andre kulturpersonar. Vi tek òg vare på arkiv etter private institusjonar og foreiningar innanfor norsk kulturliv. Arkiva blir ordna og katalogiserte, slik at dei kan komme forskarar og andre interesserte til gode. På spesiallesesalen kan du òg utforske dei andre spesialsamlingane våre, som til dømes bøker frå boktrykkarkunstens eldste tid, kart, teatermateriale, fotografi, plakatar og mykje meir.

Har du spørsmål, ta kontakt med Spesiallesesalen: spesiallesesalen@nb.no Tlf: 23 27 60 66   

Opningstider: måndag til fredag kl. 09:00–15:30, torsdagar held vi ope til kl. 19:00. Eigne opningstider sommar og jul.

SØK I SAMLINGA

Nettbiblioteket

Du kan søke på digitalisert privatarkivmateriale i nettbiblioteket. Den digitale samlinga vår blir supplert fortløpande.

Hanske

Hanske er den elektroniske katalogen til privatarkiva. Det finst også mykje materiale som ikkje er registrert i Hanske. Kontakt oss for meir informasjon og tinging av materiale.

DONERE TIL NASJONALBIBLIOTEKET

Har du materiale du trur kan vere viktig å ta vare på for ettertida?
Ta kontakt med oss på spesiallesesalen!

Følg Nasjonalbiblioteket i sosiale medier!