Kva har vi?

Samlinga til Nasjonalbiblioteket er basert på pliktavleveringslova. Det vil seie at alle som gir ut ei bok, ei avis, eit blad, ei plate eller noko anna i Noreg, må levere eksemplar som blir arkiverte hjå Nasjonalbiblioteket. Takka vere dette systemet har vi i dag ei bortimot komplett samling av alt som er publisert i Noreg. Dersom du er på jakt etter ei utseld bygdebok, ein gammal avisartikkel eller eit sjeldan musikkopptak, så er du komen til rette staden.

Ser du etter noko heilt bestemt, ta kontakt med veiledningen@nb.no.

I samlinga vår har vi …

Bøker

Vi har så godt som alle bøker som er gitt ut i Noreg, i tillegg til utanlandske bøker om Noreg. Boksamlinga består av ca. 1,5 millionar bøker frå 1519 og fram til i dag. Dei eldste og mest sjeldne bøkene må lesast på lesesalen vår. Andre kan du låne frå det lokale biblioteket ditt. Les meir om samlinga her. 
Har du spørsmål, kontakt veiledningen@nb.no.

Aviser

Vi har alt frå den fyrste norske avisa frå 1763 til dagens. Til saman har vi fleire hundre tusen aviser, som vi tek vare på i fjellet i Mo i Rana. Kopiar er tilgjengelege for alle, anten på mikrofilm eller digitalt. 
Har du spørsmål, kontakt veiledningen@nb.no eller avis@nb.no.

Tidsskrift

Hjå oss finn du alt frå kjendisblad til litteraturanalyse til kyrkjelydsblad til medlemsbladet for Lokomotivførernes avholdsforening. Vi har teke vare på alt! Du kan lese tidsskrift og blad på lesesalen vår.
Har du spørsmål, kontakt veiledningen@nb.no.

Bilete

I biletsamlinga har vi mest fotografi, men òg mange grafiske trykk, illustrasjonar, prospekt og plansjar. Les meir om samlinga her.
Har du spørsmål, kontakt bilder@nb.no.

Film

Filmsamlinga omfattar både norsk film og relatert materiale som plakatar, kinoprogram, manuskript osv. Vi låner ikkje ut arkiveksemplar av filmane, men derimot har vi ein eigen kinosal til å syne filmane. Les meir om samlinga her.
Har du spørsmål, kontakt film@nb.no.

Musikk

Vi har den største samlinga av norsk musikk i landet, med lydopptak, notar, bøker og litteratur om musikk, og arkiv frå både personar og organisasjonar. Vi låner ikkje ut arkiveksemplar av platene, men du kan høyre dei her i musikkavdelinga vår. Les meir om samlinga her.
Har du spørsmål, kontakt musikk@nb.no.

Kringkasting

Vi har norsk radio og fjernsyn komplett frå 1990 til i dag. Du kan sjå klipp og høyre radioprogram i vår musikkavdeling.
Har du spørsmål, kontakt kringkasting@nb.no.

Privatarkiv

Dette omfattar alt som ikkje er gitt ut i bøker og blad. Her finn du dagboka til Roald Amundsen frå Sørpolen, kjærleiksbrev frå Quisling til kona, kladden til Sult av Hamsun og mykje, mykje meir unikt materiale frå norsk historie. Les meir om samlinga her.
Har du spørsmål, kontakt spesiallesesalen@nb.no.

Brosjyrar, hefte, reklame

Slikt materiale finn du i småtrykksamlinga vår. Her kan du finne blant anna valpamflettar, restaurantmenyar, turistbrosjyrar, hermetikketikettar og mykje meir.
Har du spørsmål, kontakt smaatrykk@nb.no.

Kart

Vi har den største samlinga av gamle kart i landet, både nederlandske sjøkart frå 1500-talet og kart over norske ferjeruter på 1960-talet.
Har du spørsmål, kontakt kart@nb.no.

Plakatar

I plakatsamlinga har vi både reklame, propaganda, filmplakatar og mykje meir.
Har du spørsmål, kontakt plakat@nb.no.

Nettsider

Nasjonalbiblioteket haustar alle nettsider under .no-domenet og lagrar dei for ettertida. Frå ein forsiktig start i 2001, haustar vi i dag alle norske nettsider kvar dag. Av omsyn til personvernet kan vi enno berre gi tilgang for forskarar.
Har du spørsmål, kontakt nettarkivet@nb.no


Donere til samlinga

Om du har funne ei gammal bok, eit brev eller noko anna du synest vi burde ha i samlinga vår, er vi svært takksame for at du tek kontakt. Gåver frå privatpersonar kan vere viktige for å tette eventuelle hol i samlinga eller erstatte utslitne eksemplar, og for å ta vare på unike brev og handskrifter som elles ville gått tapt.

Vår jobb er fyrst og fremst å ta vare på materiale som er produsert i Noreg eller handlar om Noreg, eller brev og papir knytte til kjende nordmenn. Om du sender oss ei liste over det du ønskjer å gi oss, gjerne med bilete, vil vi undersøkje om vi manglar materialet og bør innlemme det i samlinga, eventuelt om det høyrer heime hjå ein annan arkivinstitusjon.

Kontakt oss på gavemottak@nb.no.